Brødrene Melheim held fram sin imponerande medaljefangst under UM i friidrett i Overhalla. Dette er NM for utøvarar mellom 15 og 19 år, og innan friidretten er dette det arrangementet som samlar flest utøvarar, i følgje Norges Friidrettsforbund.

I dag kunne Steffen Melheim på nytt ta steget opp på toppen av pallen etter å ha støytt 16.48 m med 4 kg-kula. Resultatet tilsvarer 1035 poeng etter Tyrvingtabellen.

Heimefavoritt Sander B. Skarland frå Overhalla måtte finne seg i andreplassen med eit besteresultat på 15,65. Anders Vik tok bronse med 14,95.

Mathias, som i går tok NM-gull i kule i klassen G18/19, tok i dag sølv i diskos med eit bestekast på 44,47 m, noko som også er ny pers. Klassen vart vunnen av Torkel A. Bjørbæk med 46,84, medan Simen S. Hansen tok bronsen med 39,78.

Mathias Melheim (19) er dermed ferdig med sitt siste UM.

- Eg vil seie meg godt fornøgd, spesielt i kule der eg sette utandørspers med ca. en halv meter og tok gullet. I diskos persa eg óg med ca ein halv meter til tross for veldig lite fokus på diskos denne sesongen, seier Mathias Melheim til Fjordingen, og legg til:

- Det er ekstra kjekt når både eg og Steffen er med, og begge klarar å prestere opp mot sitt beste!