Marius Vedvik, Gular, sette ny rekord i løpet Kleiva opp, eit motbakkeløp som Idrettslaget Hardbagg arrangerte søndag. Den sterke rekordtida er på 30.10, ei forbetring av tida med heile 55 sekund. Vi trur at denne tida skal stå seg lenge, vart det sagt ved målgang.

Emilie Flo Stavik sette også ny løyperekord, i kortløypa med start frå Rand skule, med tida 23.33.

Det var litt mindre deltaking denne gongen. Ei rekkje arrangementskollisjonar får ta skulda, vart det sagt. Kleiva opp er nest eldste motbakkeløpet i landet, i år arrangert for 17. gong.

Meir om løpet og resultatliste i tysdagsavisa.