Augustvêret: Varmt i nord, vått i vest

Vått: Vestlandet nærmar seg nedbørsrekord i august månad.  Foto: Gunnhild Sindre (illustrasjonsbilde)

New Articles

I august vart det notert nye varmerekordar i både Troms og Finnmark, men Vestlandet nærma seg nedbørsrekord.

Maksimumstemperaturen notert på Banak-stasjonen i Finnmark var 32,8 grader, noko som er ny augustrekord for fylket. Stasjonen Skibotn II i Troms registrerte også ny toppnotering, med ein temperatur på 32,4 grader. Månadsnedbøren for heile landet var 160 prosent av normalen, noko som har bidratt til å hjelpe norske bønder som har vore gjennom ein av dei tørraste somrane i nyare tid.

August i år var den nest våtaste augustmånaden registrert sidan 1900, berre slått av 1951 då nedbørsmengda var 165 prosent av normalen. Mange stasjonar nord på Austlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Norge fekk frå 200 til 300 prosent av normalen, mens stasjonar i Østfold, Akershus og Aust-Agder noterte ein tørrare månad enn vanleg.

(©NPK)