Tor og Theo i "Blålys" på TV

Politibetjent Tor Egedal og narkotikahunden Theo i arbeid. I kveld kan du sjå dei på TV2 i serien "Blålys".  Foto: TV2

New Articles

Har du sett "Blålys" på TV2? Der får publikum følgje Politiet Vest i deira teneste på store og små oppdrag.

I kveldens episode dukkar det opp to kjenningar for folk i Stryn og Hornindal: Politibetjent Tor Egedahl og hunden hans, narkotikahunden Theo. Springer spanielen har vore kåra til landets beste narkohund, og i kveld får publikum sjå kor viktig den finstilte nasen hans er i arbeidet for å avdekke narkotiske stoff, stoff som elles aldri hadde vore funne.

Også seinare i haust kjem det program med glimt frå arbeidet til politiet i Stryn.