Loen vassverk

Fann koliforme bakteriar i drikkevatn

Illustrasjonsfoto 

New Articles

Mattilsynet har bedt Stryn kommune om kva tiltak som blir sett i verk etter funn av koliforme bakteriar og E. coli på enkelte prøver i drikkevatnet i Loen 31. juli. Mattilsynet melder og om tilsyn på Loen vassverk 2. oktober.

- Siste prøve viser koliforme bakterier og høge kimtal, men ikkje e.coli, seier kommunalsjef Jan Flore til Fjordingen onsdag.

Flore opplyser om at drikkevasskloring pågår.

- Utspyling av leidningsnett og vask av høgdebasseng pågår og det blir teke oppfølgingsprøver. Det vil bli sendt ut varsel på SMS ved endra status på vasskvalitet, seier Flore.

Årsak til forureininga er ikkje påvist.

Koliforme bakterier er i hovudsak tarmbakteriar frå mennesker eller varmblodige dyr. Funn av koliforme bakteriar er eit teikn på at vannet kan vere forurensa med avføring frå til dømes kloakk.
kjelde:www.klart-vann.no