Kan bli årets fotballtalent

Kandidat til årets fotballtalent: Håvard Hetle er utleigd til Stryn denne hausten.  Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor

New Articles

Håvard Hetle, som denne hausten er utleigd til Stryn frå Sogndal, er blant seks fotballtalent i Norge som kan bli kåra til "Equinor Årets Fotballtalent". Kåringa blir arrangert av TV 2 og Norges Fotballforbund i samarbeid med Equinor sitt talentutviklingsprogram "Morgendagens Helter", går det fram av ei pressemelding.

Den talentfulle keeperen som opphavleg spelar for Sogndal er ein av seks nominerte frå både gute- og jentefotballen som kjempar om å bli kåra til årets fotballtalent. Det er ein jury beståande av Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen i samarbeid med Equinor Morgendagens Helter som har nominert dei seks fotballtalenta.

– Det er veldig overraskande og kjekt å bli nominert til Equinor årets fotballtalent. Det er jo ikkje så ofte ein blir nominert til slike prisar, seier Hetle om nomineringa.

Tidlegare har spelarar som Martin Ødegaard og Mads Møller Dæhlie fått den prestisjefulle prisen.

Hetle vart i førre veke teken ut i landslagstroppen for G15 som skal møte Sverige seinare denne månaden.