Lerøyleikane i friidrett:

Maja tok gull i spyd

Spyd: Maja Fuglestrand Baade frå Loen tok gull i spyd under Lerøyleikane i friidrett.  Foto: Privat

Sølv: Ingeborg Sofie Sætren, Hornindal, vart nummer to på 60 meter.  Foto: Privat

Bronse: Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL, tok tre bronsemedaljar.  Foto: Privat

New Articles

Lerøyleikane i friidrett for 13 og 14-åringar går av stabelen på Osterøy i helga, og utøvarane frå indre Nordfjord, som representerer Sogn og Fjordane i stemnet, kan skilte med særs gode resultat.

Maja Fuglestrand Baade gjekk heilt til topps i spydkonkurransen for jenter 13 år søndag med eit lengstekast på 34,24 meter. Jenta frå Loen var nesten 1,5 meter føre nummer to.

Ingeborg Sofie Sætren frå Hornindal tok sølv på 60 meter for jenter 13 år med tida 8,71. Laurdag  vart ho også nummer to i lengde med resultatet 4,90 meter.

Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden tok sin tredje bronsemedalje i leikane etter å ha blitt nummer tre på 60 meter for gutar 13 år søndag. Laurdag vart det bronse på 200 meter (25,75) og i lengde (5,26 m).

Håvard Johan Hilde frå Vikane IL tok bronse i tresteg (10,85 m) for 14-åringar søndag. Laurdag vart han nummer tre  i lengde (5,36 m).

Isak Heggdal Skogen, Vikane IL, vart nummer to laurdag då gutar 13 sprang kappgang, 1.000 meter. Han fekk notert tida 6.02,06. Torje Seljeset følgde opp på fjerdeplass med tida 6.58,76.

Fleire resultat i papirutgåva.