Skal handsame skule- og valkrins for Markane

New Articles

I samband med grensejusteringa mellom Hornindal og Stryn kommune, må ein endre skule- og valkrins for området Markane som blir ein del av Stryn kommune. Dagens grunnkrins i Hornindal kommune, Kjøs, blir delt mellom Hornindal og Stryn.

Dei nye krinsane vil bli oppretta og gamle sletta med verknad frå 1. januar 2019. I følge saksframlegget går det fram at dei nye krinsane har fått nye namn og kode: 14440108 Kjøs og 14490114 Markane.

- Der er ingenting som tilseier at der er behov for å endre desse krinsane, skriv rådmannen som har følgande tilråding:

Frå 1. januar 2019 vil krins 14490114 Markane høyre til valkrins 1 - Stryn og til skulekrins 5 - Stryn.

Stryn formannskap handsamar saka onsdag