Ni fekk køyreforbod - åtte vart avskilta

Storkontroll på Kvivsvegen

Politiet, Statens vegvesen, Utrykkingspolitiet og Tollvesenet heldt storkontroll på E39 Kvivsvegen, torsdag.

Storkontroll på E39 Kvivsvegen. Politi, UP, Statens vegvesen og Tollvesenet deltok.    Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

New Articles

(Møre-Nytt) - Ved å samordne oss på denne måten får vi utnytta ressursane og kompetansen til kvarandre på best mogleg måte, seier politiførstebetjent Steven Blindheim frå Møre og Romsdal politidistrikt. Han var ansvarleg for kontrollen, og er også trafikkoordinator i politidistriktet.