Fleire stengte vegar:

Ras på rv 15 ved Fosnes

Rv 15 er stengt på grunn av ras ved Fosnes.  Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Rv 15 ved Fosnes i Oppstryn er stengt etter at det gjekk eit ras over vegen i morgontimane onsdag. Politiet fekk melding om raset, som var 10-12 meter breitt, rundt klokka 05.45.

Ein bil med to personar hamna i raset, men det skal ha gått bra med desse.

Geolog er venta til rasstaden når det blir lyst nok til å ta ei vurdering av fare for nye ras, melder Vest politidistrikt på Twitter. Politiet åtvarar mot generell rasfare grunna nedbøren.

Politiet er på staden, og vegen er heilt stengt. Vegtrafikksentralen har sett opp sperringar på begge sider av raset.

Ein nabo ved rasstaden med eigen målestasjon fortel Fjordingen om 40 mm nedbør frå midnatt.


Vegtrafikksentralen melder klokka 08.20 at fv 720 mellom Hjelleøyane og Erdal i Oppstryn er stengt pga fare for ras.

08.30: Fv 723 mellom Sande og Bødal i Lodalen er stengt pga jordras.