400 ubygde småkraftkonsesjonar samla i ny rapport

Illustrasjonsbilde.  Foto: Knut Olav Tveit/NPK

New Articles

Meir enn 400 småkraftverk har enno ikkje nytta den konsesjonen dei har fått. Her har norske bygder mykje å hente, meiner Småkraftforeninga som har samla dei unytta konsesjonane i ein ny rapport.

– Dette er eit uforløyst potensial for ei formidabel verdiskaping ute i norske bygder. Aktivitetsnivået i småkrafta er framleis høgt, men framleis er det slik at det er stillstand rundt mange av desse prosjekta. Det ønskjer vi i Småkraftforeninga å gjere noko med. Difor har vi laga Småkraftrapporten – ei samla oppstilling av potensialet med råd og tips til korleis eit prosjekt kan realiserast, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga i ei pressemelding.

Småkraftrapporten blei torsdag lagt fram på konferansen «Kraft i Vest» på Sandane. Tveit håpar rapporten kan utløyse kreativitet, handlekraft og stå-på-vilje i småkraftbransjen.

Ferdig utbygd kan dei ubygde kraftverka ifylgje Småkraftforeninga forsyne 160.000 husstandar med straum. Gjennom levetida til småkraftverka meiner Thema Consulting, som har laga rapporten, at småkraftverka kan generere 13.200 årsverk i distrikta og bidra til 56 milliardar kroner i bruttonasjonalprodukt.

(©NPK)