Vart sendt rett til verkstad for dekkskift

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen gjennomførte ein kontroll ved Kjøs bru torsdag ettermiddag og kveld.

Grunna slitne dekk vart eit køyretøy sendt direkte til verkstad for dekkskifte. To førarar måtte rydde i frontruta før vidare køyring, og ein førar måtte merke utstikkande gods betre før køyringa kunne halde fram melder Statens vegvesen. 10 køyretøy vart kontrollerte.