NM i styrkeløft:

Løfta seg til sølvmedalje

Nok ein medalje til Belden
New Articles

Det vart kamp om gullet for Signe Elisabeth Belden under NM i Styrkeløft utstyrsfritt i Oslo fredag. Trass i at ho totalt løfta like mykje som sin næraste konkurrent vart det sølv til Belden.

 - Begge løfta 427,5kg, men ho vann gullet fordi ho var ein kilo lettare i kroppsvekt, seier Belden til Fjordingen.