No kan det søkast om ungdomsmidlar

Stryn Ungdomsråd.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Om du har eit spennande prosjekt for born og unge på gang, ja då kan du søke ungdomsrådet i Stryn om midlar, skriv kommunen på si heimeside.

Midlane er for unge i alderen 12 – 20 år, og tilskotet blir gitt til prosjekt som bidreg til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå ordinære budsjett.

Søknadsfristen er sett til 22. oktober.