Krev erstatning og ved for nedsaga tre

Klare krav frå eigaren etter at Stryn kommune saga ned private bjørketre

Bjørk   Foto: Illustrasjonsfoto

New Articles

I eit brev til Stryn kommune skriv Magnhild Berge at to karar frå Stryn kommune har kome i skade for å ha saga ned tre bjørketre på eigedomen hennar i høve trefelling på kommunal grunn. 

Av brevet går det fram at ho har vore i kontakt med advokat om saka, og meiner ho har krav på erstatning.

Ho krev å få all veden frå desse trea ferdig kløyvd og lagt på plass i carporten.

- Kommunen tek arbeidet og kostnaden med å plante nye tre der bjørkene stod, skriv ho.

Stryn kommune har enno ikkje gitt svar på brevet