Var du for sein i vår?

Endringar i høve til søknad om produksjonstilskot

New Articles

Fristen for å søke produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket er endra. No er det opna for å sende inn søknad for dei som var for seine i mars 2018. Dette har vore ein absolutt frist slik at dei som søkte for seint ikkje fekk tilskot.

Landbruksdirektoratet har i rundskriv 2018-42 gjeve nye retningslinjer for praktisering av søknadsfristen 15. mars 2018. Dei som ikkje søkte innan fristen fekk heller ikkje tilskot. No er det sett ny frist slik at dei som ikkje søkte i mars kan kome med ein ny søknad innan 29. oktober, opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Kvar enkelt må ta kontakt med si heimkommune for nærare informasjon.