Rådmannen:

- Krevjande budsjettarbeid

Budsjettforlaget kjem til å gi grunnlag for ein god politisk diskusjon, varslar rådmannen

Krevjande Rådmann Runde Hovde vil legge fram budsjettforslaget for utvala innan tysdag neste veka   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Budsjettforslaget er i ferd med å ferdigstillast og skal leggast fram for alle kommunale utvala innan tysdag neste veke.
Under Stryn formannskap onsdag orienterte rådmannen kort om det han omtalte som eit krevjande budsjettarbeid. 

- Tiltak, både som gjeld struktur og tenester, vil gi grunnlag for ein god politisk diskusjon, innleia rådmann Rune Hovde som meir enn antyda at budsjettet er stramt.

Han viste til utfordringar som bortfall av distriktstilskot samstundes som kommunen forventar færre flyktningar som betyr mindre inntekter. Rådmannen peika også på folketalsutviklinga i Stryn som skal tilsvare eit snitt i inntekstauken på 2 prosent, medan snittet i landet er 2,8 prosent.

- Det vil bli lagt fram ei liste over nye tiltak og tiltak som er teke ut i vårt budsjettforslag som har vore krevjande å sette i hop. Utfordringa er at vi har tett opptil 100 millionar kroner i investeringar i den komande fireårsperioden, sa Hovde.

- Det politiske håndverket blir utført frå utvala får budsjettforslaget fram til siste kommunestyremøte, sa Flo.