Stengjer fv 60 grunna vedlikehald

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

New Articles

Fv 60 Bykjelo–Stryn vert stengd natt til tysdag og natt til onsdag grunne vedlikehald. Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Det skal skiftast ut stikkrenner under vegen aust for Utvik, for å sikre betre drenering. Stengingane skjer natt til tysdag 6. og natt til onsdag 7. november, og det blir stengt mellom kl. 22.15 og 06.00 begge nettene. Ingen bilar slepp forbi under stengingane, men det kan fyllast i for å få fram utrykningskøyretøy på kort varsel, dersom det blir trong for det, skriv vegvesenet.

Omkøyring blir via E39 om Nordfjordeid, og rv 15 om Markane og Stryn. Statens vegvesen oppmodar folk til å planlegge køyring utanom stengingane.