Stor tunnelkontrakt i Stryn ute på anbod

Nye tunnelar: Det skal byggast ny Blaksettunnel og ny Flotunnel. Desse prosjekta er no lyst ut på anbod i ei og same kontrakt.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

To tunnelprosjekt i Stryn, Blaksettunnelen på fv 698 og Flotunnelen på fv 722, er no lyst ut på anbod i ei og same kontrakt.

– Det har vore stor interesse rundt dette prosjektet frå entreprenørbransjen i forkant av utlysinga, så vi vonar det resulterer i at det kjem inn mange tilbod, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg i ei pressemelding frå  Statens vegvesen.

Den nye Blaksettunnelen på 1.190 meter skal erstatte dei gamle tunnelane Blakset 1 og Blakset 2. Desse stettar ikkje dagens krav til tunnelstandard.

Flotunnelen skal sikre den rasfarlege Flostranda. Tunnelen blir 3.850 meter. Prosjektet inneheld også ny bru over Fureelva og 600 meter med veg i dagen.

Ifølgje Statens vegvesen er Flotunnelen kostnadsberekna til 616 millionar, medan Blaksettunnelen har ein estimert kostnad på 237 millionar kroner, skriv veier24.no.

Det vert anbodssynfaring den 21. november, og tilbodsfristen er sett til 10. januar 2019.