14 omkom i november-trafikken

Det er 10 fleire enn på same tid i fjor

Dyster statistikk for november - Den verste november månad sidan 2009, seier direktør i Trygg Trafikk, Jan Johansen.  Foto: Illustrasjonsfoto

New Articles

I fjor mista 93 personar livet i trafikken frå januar til og med november. Med 103 omkomne så langt i år fryktar Trygg Trafikk at fleire vil omkome i trafikken i år enn i fjor.

- Fjoråret var det beste året nokon gong for trafikksikkerheit i Norge. Difor synes vi det er foruroligande at vi tek eitt skritt tilbake i år. Utviklinga dei siste månedane går diverre i feil retning. Dette har vore den verste november månad sidan 2009. Skal vi nå dei ambisiøse nasjonale måla over tid må vi snu utviklinga vi har sett dei siste månedane, seier direktør i Trygg Trafikk, Jan Johansen.

Av dei omkomne i november var det 11 bilistar og 3 fotgjengarar. Det var 13 menn og 1 kvinne som omkom.

– Vårt håp er at alle gjer sitt for å bidra til at færre omkomer i trafikken framover. Desember kan by på krevjande og vekslande køyreforhold. Avpass farta til sikt og føre, og ta det med ro i julestria, seier han.

Advarar mot dagen-derpå-promillen

Kvar dag køyrer 140.000 personar i ruspåvirka tilstand. Desember betyr også mange julebord og hyggelege lag og for mange betyr det eit større inntak av alkohol. Det er også ein måned som er på fjerdeplass når det gjeld førarkortbeslag for køyring i ruspåvirka tilstand.

Johansen advarer difor norske julebordsgjestar mot farene ved køyring i påvirka tilstand – også dagen derpå.

– Då er det ekstra viktig å huske på at det er fullt mogleg å fyllekøyre også dagen derpå. Ikkje stress ut med bilen for å handle julegaver morgonen etter ein fest, slår Johansen fast.