Stedje til Stryn

Bekrefta til Visefestivalen

Til festivalbygda Olav Stedje  Foto: Pressefoto

New Articles

I høve «Visefestivalen» sin debut i Stryn sentrum i april neste år, kan arrangøren no bekrefte at Olav Stedje (65) kjem til Stryn. Stedje skulle neppe trenge nokon vidare introduksjon, men sogningen har over ei lang karriere som musikar og låtskrivar gitt ut heile 16 album som har resultert i seks sølvplater.

I tillegg har Stedje deltatt i Melodi Grand Prix i både 1983, 1985 og 1987.

I 2006 gav han ut ei nyinnspeling av slageren «Vi vandrar saman» frå debutalbumet «Ta meg med» frå 1981.

Frå før er Unni Wilhelmsen klar for den nyslåtte festivalen.