Skytinga øydela for Bø

Ikkje heilt: Det vart inga pangopning i verdscupen for Johannes og bror Tarjei. Tre bom kosta mange plasseringar i det tøffe selskapet.  Foto: Vegard Breien/Norges skiskytterforbund

New Articles

Både Johannes og Tarjei Bø si skyting øydela for gode løp i skiskyttaropninga torsdag.

På 20 kilometeren hadde begge brørne pådrege seg tre tilleggsminutt før siste skyting. Johannes ein bom på andre serien og to bom på den tredje. Tarjei fekk to bom på den første serien og ein bom på den andre.

Med ein feilfri siste serie på Johannes og svært god fart i sporet klatra han til slutt til ein sjuandeplass i mål. Han var berre 1.12 bak Martin Fourcade, som skaut fullt hus og vann sekundstriden med dagens overrasking, Johannes Kuehn frå Tyskland.

Johannes meinte han stressa litt for mykje på standplass og skildra prestasjonen som "sjukt irriterande".

Trass tre bom vart yngstemann Bø beste nordmann i sesongstarten. Lars Helge Birkeland skaut ein bom og vart nestbest med 10.plass.

Også Tarjei fylte på siste skyting, men her var farten dessverre ikkje like høg og han vart til slutt nummer 35, 3.13 minutt bak Fourcade.

- Var veldig middels. Berre å skjerpe seg til i morgon, uttalte Tarjei til NRK etter løpet.