JTB tok sesongens første verdscupsiger

Førsteplass: Johannes Thingnes Bø knuste konkurrentane på fredagens sprint i Pokljuka.  Foto: Vegard Breien/NSSF

New Articles

Ingen kunne gjere noko med Johannes Thingnes Bø i dagens verdscuprenn i skiskyting over 10 kilometer.

Etter ein noko skuffande sjuandeplass på torsdagens 20 kilometer var det ein offensiv Thingnes Bø som gjekk ut frå start i Pokljuka.

Stryningen skaut feilfritt på første skyting og gjekk rett ut i tet. Stor fart i sporet gjorde at han fekk "skjelven" på det første skotet på ståande, noko som resulterte i ein bom. Han rodde seg derimot meisterleg i land og traff på dei siste fire. Med eit tidleg startnummer vart det lenge å vente på det endelege resultatet for Thingnes Bø, men ingen greidde å tukte Markane-ekspressen.

Antonin Guigonnat frå Frankrike tok andreplassen drygt 20 sekund bak Thingnes Bø, med russaren Alexander Loginov på tredjeplass.

- Eg mobiliserte godt frå gårsdagens 20 kilometer, sa ein strålande fornøgd Thingnes Bø til NRK etter løpet.

Bror Tarjei var også ein blid mann etter løpet. Som Johannes skaut han feilfritt på liggande og fekk ein bom på ståande. Tarjei gjekk eit godt løp og låg lenge an til pallplass. Til slutt enda han på ein fjerdeplass.

Førehandsfavoritt Martin Fourcade, som var på pallen i nær samtlege løp sist sesong, hadde ikkje dagen, og med ein bom på liggande og for dårleg fart i løypa vart han ikkje betre enn nummer 23.

- Ein stor opptur for familien Bø. Eg er stolt over å ha ein bror som er så god på ski, uttalte Tarjei.