Regn skapar utfordringar:

- Kjedeleg at renna blir avlyst

Avlyst: Det blir ikkje verdscuprenn i Tyskland denne helga for Anders Fannemel og co.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Det blir ingenting av verdscuprenna i hopp i tyske Titisee Neustadt denne helga.

Mykje regn og høge temperaturar set ein effektiv stoppar for renna, og det er allereie avgjort at fredagens kvalifisering, laurdagens lagkonkurranse og søndagens individuelle hopprenn blir avlyst.

Dermed blir verdscupprenna i sveitsiske Engelberg neste konkurranse for Anders Fannemel og co. Fannemel hadde eit oppløftande resultat i siste konkurranse då han vart nummer sju i Russland.

- Kjedeleg at renna er avlyst, seier Anders Fannemel til Fjordingen. Han fekk gode svar på hoppinga førre helg og hadde håpa på renn denne helga.

- Men det er fine forhold på Lillehammer om dagen, så eg får mulegheit til å hoppe litt fleire treningshopp før vi reiser til Engelberg neste veke, fortel honndølen.