Klart for jubileumssendinga i Radio Stryn

Radio Stryn: Arne P. Sunde gir eit tilbakeblikk på lokalradioen si historie i Stryn.  Foto: Anne-Mari Aalberg

New Articles

Frå i ettermiddag kl. 18.00 og utover kvelden går første del av Radio Stryn si jubileumssending.

Først ut er Arne P. Sunde som gir eit tilbakeblikk gjennom Radio Stryn si 30 år lange historie. I tillegg til gamle historiske opptak blir det også intervju med aktuelle gjester.

Klokka 21.00 går det første av to program av "Purple Rain". Frode Sunde og Inge Kjetil Sandvik presenterer det kjente og kjære musikkprogrammet i ny drakt.

Kvelden blir avslutta med programposten "Ein liten Beta Blues" frå klokka 22.00.

Laurdag held jubileumssendinga fram frå klokka 09.00 og ut i dei små nattetimar.