Her er kulturprisvinnaren

Svein Nesje vann kulturprisen 2018

Overraska Svein Nesje var både overraska og beæra etter å ha vunne kulturprisen 2018. Her saman med kona Randi  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Tysdag kveld fekk Svein Nesje (83) utdelt kulturprisen 2018 i Stryn kulturhus. Prisen, frå Stryn kommune, fekk han for sin mangeårige og omfattande kulturarbeid, både som utøvar og som organisator.

- Svein Nesje har vore engasjert medlem og pådrivar innan både korpsmusikk, orkester, folkemusikk og mannskorrørsla. Han har vore sterkt engasjert i dokumentasjon, mellom anna gjennom sitt store arbeid med notesamlinga etter Rolf Myklebust. Han har også vore ein engasjert dugnadsarbeidar i fleire lag og organisasjonar, frå historielag til luftsportsklubb, heiter det frå grunngjevinga.

Svein Nesje spelar både fele og hardingfele men har vore spelt klarinett både for Stryn musikklag og Stryn strykeorkester og som medlem i det legendariske Stryn mannskor.

- Eg må seie eg er overraska over at eg fekk denne prisen, men eg er beæra, sa Nesje i ein kommentar til Fjordingen.

Meir om kulturprisen i fredagavisa