Tredje renn i hoppveka:

Fannemel nummer 25

Hoppveka: Anders Fannemel fekk det ikkje til å stemme i Berg Isel-bakken i Innsbruck.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Det ville seg ikkje for Anders Fannemel i dagens hopprenn i Innsbruck. Det tredje rennet i hoppveka enda til slutt med ein 25. plass for honndølen.

Fannemel hoppa 124,5 meter og låg på 21. plass etter første omgang.

- Absolutt godkjent av Fannemel som har slite på trening i denne bakken, sa NRK sin hoppekspert, Johan Remen Evensen. Også landslagstrenar Alexander Stöckl var bra fornøgd med førstehoppet til Fannnemel.

Sjølv sa Fannemel at det var deilig å få til eit bra hopp etter fleire dårlege treningshopp.

Andre omgang var ikkje like oppløftande, og Fannemel slo av 8,5 meter.

Ryoyu Kobayashi (Japan) vann rennet føre Stefan Kraft (Austerrike) og Andreas Stjernen (Norge).

Hoppvekesirkuset forflyttar seg no til Bischofshofen der det er kvalifisering laurdag og avgjerande renn søndag.

- Eg gledar meg til Bischofshofen, og eg har gode opplevingar derifrå, sa Fannemel til NRK.