Utslitne dekk kosta dyrt

  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen gjennomførte ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru onsdag ettermiddag og kveld. Resultatet vart som følgjer:

Åtte førarar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletids regelverket.

To førarar måtte rydde i frontruta.

Eitt vogntog var for langt og måtte kortast inn.

Eitt køyretøy hadde ein bakmontert truck som ikkje tilfredstilte krava til underkøyringshinder. Det vart her utferdiga bruksforbod.

Ein førar fekk to gebyr på 1.500 kroner for utslitne dekk.

Eit firma fekk 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke på køyretøyet.

Ein førar fekk gebyr på 500 kroner for manglande vognkort på køyretøyet.

27 køyretøy var inne til kontroll, melder Statens vegvesen i sin rapport.