200 deltok i Ullsrennet

Talent: Dette er seks av dei lovande langrenns- og skiskyttarjentene frå Markane som skal ut å gå stafett i morgon. Vi ser frå v. Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Inger Hjelmeset, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Katrine Svarstad Heggdal, Mari Sofi Meland og Oda Svarstad Hole.  Foto: Inge Fænn

New Articles

Ullsrennet til Markane IL samla kring 200 deltakarar frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre laurdag, trass i at mange er borte for å delta i Norgescup i skiskyting.

I morgon er det stafett med mange lag på startstreken. Det var regn, men gode tilhøve. Rennet gjekk i fristil, og deltakinga var størst i dei yngste årsklassane.

Mange plassar slit med mangel på snø, men Ullsheim har gode løyper.

Det er mange talent på begge sider av fylkesgrensa, men eit ekstra utropsteikning ved den sterke jentesatsinga i Markane. Det var også ei eiga jentesamling i samband med Ullsrennet. Problemet tidlegare, med stort fråfall av jenter hadde samanheng med at dei var for få. No ser det ut som om det har kome ein skikkeleg snunad, med mange talent på startstrekken, og godt miljø.