Norgescup skiskyting:

Gunn Kristi med imponerande femteplass

Nummer fem: Gunn Kristi Tvinnereim imponerte med femteplass då norgescuprennet i sprint gjekk av stabelen på Liatoppen laurdag.  Foto: Nordfjord Team

New Articles

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs, gjekk ein solid sprint i norgescupen for junior på Liatoppen laurdag.

Eit godt løp heldt til femteplass i klasse K17, og Hardbaggløparen var fornøgd med prestasjonen.

Tvinnereim var berre 14,5 sekund bak nummer to, Ingeborg Almeland Rolstad, Oslo SSL/NTG-L (ein bom), og 12,4 sekund bak tredjemann, Hanne Kråkstad Johansen, Bossmo & Ytteren IL/Team Polarsirkelen (to bom). Sjølv hadde ho tre bom.

Gro Njølstad Randby, Ivrig IL/NTG-G (to bom), vann sprinten.

- Eg skulle hatt ein bom mindre, men eg er godt fornøgd med løpet, seier Gunn Kristi til Fjordingen. Ho fortel om bra forhold på Liatoppen, med lite vind men litt isete løyper.

I går vart Gunn Kristi nummer 15 på fellesstarten. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer fem på gårsdagens fellesstart i klasse M19.