Hornindal får ny sandstrøar

Kommunen har valt ny leverandør.
New Articles

Hornindal kommune bad om tilbod på ny sandstrøar med ein kapasitet på om lag 1.000 liter.

To tilbod kom inn og er vurdert ut frå diverse kravsspesifikasjonar. Av brevet frå utviklingsetaten i kommunen går det fram at firmaet C. Grindvold AS var den einaste som oppfylte spesifikasjonane og er no valt som leverandør av ny kommunal sandstrøar.