Vogntog i grøfta i Hornindal

Vogntoget står fast godt nede i grøfta, og ventar på bilberging.  Foto: Privat

New Articles

Eit utanlandsk vogntog har køyrd i grøfta på fv 60 i indre Hornindal, rett ved avkøyringa til Seljeset. Uhellet skjedde då vogntoget som var på veg retning Grodås kom for langt utpå kanten. Sjåføren hadde dermed ingen sjanse til å halde bilen på vegen. Asfaltkanten er forholdsvis høg etter at fylkesveg 60 vart nyasfaltert hausten 2017. Fleire bilar og vogntog køyrde av vegen i same område i fjor vinter.

Utforkøyringa skjedde onsdag føremiddag, rett før avkøyringa til Seljeset.  Foto: Privat

 

Sjåføren fortel til Fjordingen at det ikkje var spesielt glatt på staden.

- Eg møtte ein bil og la meg litt ut for å gje plass. Dermed kom eg utfor den høge asfaltkanten og vart ståande fast i grøfta, forklarer sjåføren til Fjordingen. Som no ventar på bergingsbil.