Vogntog stod fast på veg opp Strynefjellet

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

New Articles

Eit vogntog vart ståande på veg opp Strynefjellet tysdag. Grunnen til dette var manglande bruk av kjetting. Vogntoget hadde heller ikkje tilstrekkeleg antal kjettingar med, og føraren vart gebyrlagd for forholdet. Det vart tilkalla strøbil slik at vogntoget kunne halde fram turen, skriv vegvesenet i sin rapport.

Statens vegvesen gjennomførte også tungtransportkontrollar i Loen og på Folven tysdag ettermiddag og kveld.

To førarar måtte rydde i frontruta før vidare køyring. To køyretøy hadde tekniske manglar på lys. To førarar fekk gebyr for manglande dokument. Ein førar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket.