God start for bøarane

Ni treff på begge av Bø-brørne på dagens sprint, 2. plass på Johannes og 8. plass på Tarjei. Det gjev spennande utgangspunkt framfor jaktstarten!  Foto: NSSF

New Articles

Skiskyttarane er i gang igjen, og Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø fekk ein god start på etterjulssesongen i Oberhof i eit vekslande ver med skodde, vind og snø.

Tarjei fekk tett snødrev på si første skyting på dagens sprint, men prikka inn fem blinkar og gjekk ut på nøyaktig same tid som leiaren, Alexander Loginov. Johannes gjekk raskt og skaut også fullt, og gjekk ut vel 11 sekund framfor broren og russaren.

På mellomrunden viste det seg raskt at Loginov heldt vesentleg høgare fart enn Tarjei. Då han i tillegg skaut fullt på ståande, gjekk han på sisterunden i ei klar leiing. Tarjei skaut raskt og hadde god flyt fram til siste skotet, då kom bommen. Også Johannes skaut éin bom, fjerdeskotet, og måtte også han ut i strafferunda.

Då vart avstanden til Loginov for stor, men med beste langrennstid vart bøaren nummer to, held framleis eit godt grep om leiartrøya i verdscupen.

Tarjei låg lenge på fjere, men vart skubba nedover på lista då svenske Sebastian Samuelsson skaut fullt og smatt inn på tredje. Dermed fekk russiske Loginov sin sterkaste kritikar til venstre for seg på pallen.

Tarjei Bø enda til slutt på 8. plass.

I morgon er det jaktstart i Oberhof.