Ruhpolding:

Johannes gjorde det igjen

Ny rekord for Johannes etter ein særdeles spennade innspurt

Johannes Thingnes Bø vann sin niande individuelle verdenscupsiger søndag   Foto: Ragnar Singsaas Photography

New Articles

Igjen stemte det meste for Johannes Thingnes Bø. Unders fellesstarten i tyske Ruhpolding var det meste ope fram til etter siste skyting. Først ut etter siste skyting var norske Vetle Christiansen, men han vart snart henta inn av lagkamerat Johannes Thingnes Bø og franskmennene Martin Fourcade, Quentin Fillon Maillet og austerikske Julian Eberhardt.

I innspurten vart det særdeles spennande mellom desse tre, men ingen kunne ta att Johannes Thingnes Bø som hadde krefter i overflod.

Han gjekk jublande i mål på 36.43.8, like foran Eberhardt og Fillon Maillet.

– Eg er skikkeleg stolt og dette er kanskje min beste siger. Eg blir utfordra på ting eg ikkje har gjort før, sa Johannes Thingnes Bø til statskanalen etter å ha sikra sin niande individuelle verdenscupsiger for sesongen.

Han har såleis slått sin eigen personlege rekord med åtte verdenscupsigrar frå førre sesong.

Bror Tarjei Bø gjorde eit solid løp men ramla av på slutten og enda på ein 10. plass, dryge halvminuttet bak Johannes.

Ein tydeleg skuffa Martin Fourcade gjekk i mål 8,6 sekund bak Johannes. Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer fem.