3. divisjon handball:

Stryn stiller sterkt

Viktig: Stryn sin toppscorar Ivana Kresic er tilbake etter skade. I kveld møter ho og lagveninnene Gloppen i Trivselshagen.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Gloppen tek i mot Stryn til lokaloppgjer i 3. divisjon handball for damer i kveld. Stryn mønstrar eit sterkt lag.

Ivana Kresic er tilbake frå skade, noko som betyr mykje for Stryn. I den siste kampen før jul, også det mot Gloppen, var ikkje Kresic med. Sjølv om Stryn hadde god kontroll i den kampen glapp det mot slutten, og det unge Gloppen-laget greidde nesten å ta med seg eitt poeng. Stryn vann den kampen 26-25.

Stryn får også med seg Jenny Løvdal Stauri og Christine Tøsse Humborstad til oppgjeret i Trivselshagen før dei returnerer til studiar i Bodø.

Gloppen står framleis utan poeng i serien, medan Stryn ligg på sjuandeplass med åtte poeng.