Mork rehabiliteringssenter truga av nedlegging:

Nordfjordrådet reagerer

Reagerer: Nordfjordrådet reagerer på at Mork rehabiliteringssenter er truga av nedlegging.  Foto: Roger Oldeide (arkiv)

New Articles

Mork rehabiliteringssenter er truga av nedlegging. Som Fjordingen før har omtala, tek Mork rehabiliteringssenter jamnleg imot pasientar frå Nordfjord og Sogn og Fjordane elles. At rehabiliteringstilbodet no står i fare har engasjert dei respektive nordfjordkommunane.

Her følgjer brevet frå Nordfjordrådet til Helse Møre og Romsdal, sognert ordførarane i Stryn, eid, Hornindal, Gloppen, Vågsøy og Selje:

Til Helse Møre  og Romsdal

Vi viser til at det i samband med omstilling av verksenda til Helse Møre og Romsdal kan vere aktuelt å legge ned tilbodet ved Mork rehabiliteringssenter. Som brukarar av senteret vil vi sterkt frårå dette, mellom anna fordi det vil føre til store meirkostnadar for kommunane og større ulemper for brukarar og deira familie.

Mork rehabiliteringssenter gir tilbod om rehabilitering til følgjande diagnosegrupper:

Hjerneslag

Hjerneskadar

Omfattande skadar (multitraumer) etter ulykke

Følgjetilstandar etter kreft

Nevrologiske lidingar

Ryggmargsskadar

Andre med behov for spesialisert rehabilitering

I 2018 hadde senteret 230 pasientar av desse 170 med hjerneslag eller anna hjerneskade. For å få best mogleg rehabiliteringseffekt arbeider senteret tverrfagleg og med fokus på pasientane 24/7. Følgjande yrkesgrupper samarbeider tett ved senteret: Legespesialist, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped, miljøterapeut, seksjonsleiar, sekretær, kjøkkenassistent og vaktmeister.

I samband med innsparingsarbeidet til Helse Møre og Romsdal er det skissert desse innsparingstiltaka innan spesialisert rehabilitering:

I Klinikk for medisin og rehabilitering sin utviklingsplan har det vore varsla ein gjennomgang av rehabiliteringsfeltet. Det vil bli vurdert å samle senger knytt til spesialisert rehabilitering i sjukehus, auka poliklinisk behandling, tilbod om ambulante tenester og eit nært samarbeid med kommunane. Klinikken har allereie starta ein prosess for å vurdere det faglege grunnlaget for ei slik omstilling og vil levere sin rapport 1. februar.

Dette prosjektet krever eit tett og godt samarbeid med kommunane, og forventa oppstart er 1. august 2019.

Helseføretaket vil sjå på moglegheita for å legge ned mellom 30 og 33 døgnplassar innan den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal, noko som kan bety at sentera på Mork og Aure vert nedlagde.

Konsekvensen av desse tiltaka kan bli nedlegging av Mork rehabiliteringssenter og ein vesentleg reduksjon av heildøgns tilbod til mellom anna pasientar med hjerneslag og hjerneskade. Vi vil vise til og støttar uttale frå Roger Kvalsvik, fysioterapeut og leiar for seksjon for rehabilitering i Herøy kommune (vestlandsnytt.no):

– Det vert nærast katastrofalt for pasientane om Mork blir lagt ned. Dei som har vore ramma av slag, har veldig samansette problemstillingar når dei skal kome seg tilbake igjen. Det er også difor Mork er 2 ein seksjon for spesialisert rehabilitering. Der har dei opparbeidd seg ein unik kunnskap om faget, ein tverrfagleg kompetanse der dei jobbar veldig godt saman, seier Kvalsvik.

– Lat oss seie helseføretaket sparar 10 millionar kroner på ei nedlegging. Resultatet vil bli ein langt meir utfordrande kvardag for mange pasientar som då vil bli overlatne til kommunale tenestetilbod, og dette er funksjonar som ikkje vil vere i nærleiken av å kunne yte same assistanse. Det vil også koste samfunnet mange gongar meir enn helseføretalet sparar, og i tillegg til det påverke kommuneøkonomien på svært negativt vis.

– Vi registrerer med glede at dei som har vore på Mork, har hatt veldig stor nytte av opphaldet, med god framgang i rehabiliteringa- Eg torer nesten ikkje å tenkje på korleis det vil verte for desse om det er kommunane som skal ta ansvaret for dei etter utskriving frå sjukehus, seier ein opprørt Roger Kvalsvik.

Vi er samd med vurderingane til Roger Kvalsvik og vil derfor sterkt fråråde nedlegging av Mork rehabiliteringssenter.

Med helsing Nordfjordrådet,

ved ordførarane Sven Flo, Stryn

Stig Olav Lødemel, Hornindal

Leidulf Gloppestad, Gloppen

Alfred Bjørlo, Eid

Stein Robert Osdal, Selje

Kristin Maurstad, Vågsøy