- Tek med meg det positive

Blanda drops: Anders Fannemel fekk til eit godt førstehopp i Oberstdorf. I andre omgang slo han av ni meter.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Sjølv om det til slutt vart ein 26. plass i verdscuprennet i skiflyging i Oberstdorf for Anders Fannemel fredag, så tek han med seg det positive frå kvalifiseringa og førsteomgangen.

Fannemel fekk opp eit godt hopp på 205,5 meter i første omgang, og både trenarane på trenartribuna og NRK sin hoppekspert Anders Jacobsen var fornøgde med honndølen.

- Betre og betre for kvart hopp i dag, sa Jacobsen, og sikta til Fannemel sine hopp på 183,5 m, 184 m (treningsomgang), 189,5 m (kvalifisering) og 205,5 m i løpet av dagen.

- Eg fekk opp eit godt hopp, sa ein fornøgd Fannemel etter førstehoppet.

- Stor framgang og positiv utvikling på Anders, trass i 17. plass så langt, uttalte hoppsjef Clas Brede Bråthen.

Andre omgang vart dessverre ein liten nedtur for Fannemel, som slo av til 196,5 m.

- Eg vart for sein, men eg får ta med meg det positive frå dei andre hoppa i dag, sa Fannemel.

18-åringen Timi Zajc frå Slovenia vann rennet, med Dawid Kubacki (Polen) og Markus Eisenbichler (Tyskland) på dei neste plassane.

Beste nordmann vart Johann Andre Forfang på sjuandeplass. Halvor Egner Granerud vart nummer åtte, Daniel Andre Tande nummer 10, Robert Johansson nummer 17 og Andreas Stjernen nummer 18.

Laurdag er det nye sjansar i skiflygingsbakken i Oberstdorf.