2. plass til Gunn Kristi

Imponerte igjen: Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs, gjekk inn til 2. plass på laurdagens sprint.  Foto: Nordfjord Team

New Articles

Skiskyttaren Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg IL/Stryn vgs) held fram med å imponere.

I laurdagens fjerde renn i norgescupen i skiskyting (sprint) i Os i Østerdalen vart Tvinnereim nummer  to i klasse K17, berre 11 sekund bak vinnaren Gro Njølstad Randby frå Ivrig/NTG-Geilo.

Hardbaggløparen pådrog seg ein strafferunde på første skyting, medan ho fekk to bom på andre skyting.

- Det var kjekt i dag. Eg gjekk i ryggen på ho som vann på den siste runden, men ho starta 20 sekund bak meg. Eg klarte å ta ho litt på slutten, men eg hadde nok ikkje klart 11 sekund til, seier Gunn Kristi til Fjordingen. Ho kunne melde om litt tunge løyper, og noko varierande vind på standplass.

Oselie Henden Eid/Stryn vgs vart nummer 14 i same klasse. Også Vegard Skrede (Hardbagg IL) vart nummer 14, i klasse M20-21.

Bendik Vereide (Stårheim/Stryn vgs) gjekk inn til ein solid 4. plass i klasse M17. Vereide, som skaut fullt på første skyting, var 14 sekund frå pallen. Etter andre skyting vart det tre turar i strafferunden.

Oskar Guddal Breivik (Markane IL/Stryn vgs, klasse M17) gjorde comeback etter å ha vore skada sidan i haust. Stryningen skaut seks bom, men det er gledeleg at stortalentet er tilbake på skiskyttararenaen.

Martin Aaland (Hardbagg IL/Stryn vgs) gjekk også eit godt løp laurdag. Han vart nummer seks med berre to bomskot i klasse M18, 51 sekund bak vinnaren.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 31 i klasse M19. Markaneløparen måtte gå heile åtte strafferundar,men gjekk som vanleg solid i sporet.