Futsal i Strynehallen:

KM-kvaliken i gang

New Articles

Kvalifiseringa til KM i futsal er i full gang, og Stryn fotball er arrangør for laga i Nordfjord denne helga.

Laurdag er det gutar 13, gutar 15 og jenter 15 som er i aksjon i Strynehallen, medan det søndag er 14 og 16-åringane sin tur.

Frå indre Nordfjord stiller Stryn, Hornindal, Loen/Vikane og Vikane lag.

Om lag 100 kampar skal spelast i alt, og dei beste laga går vidare til KM-sluttspelet i Trivselshagen på Sandane i mars.