Stryn nære på ein "skrell"

Uavgjort: Stryn sitt 3. divisjonslag i handball for damer med Anna Johannsdottir (nærast), Kornelia Sunde Flo og Ivana Kresic overraska alle og spelte uavgjort 24-24 mot storfavorittane frå Tertnes.   Foto: Thomas Thaule

God: Anna Johannsdottir spelte ein god kamp for Stryn.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Stryn gjorde livet surt for storfavorittane frå Tertnes i laurdagens 3. divisjonskamp i handball for damer.

Tertnes, som stod med ti sigrar og berre eitt tap før oppgjeret mot Stryn, skal vere glade for at dei i det heile fekk med seg eitt poeng frå Strynehallen. Heimelaget stilte i tillegg redusert, men solid forsvarsspel la grunnlaget for uavgjort 24-24 ved full tid.

Til pause stod det 9-9, og særleg bortelaget sløste med opplagde sjansar.

Andre omgang heldt fram som den første, og laga scora annan kvar gong nesten gjennom heile omgangen. Mot slutten hadde Stryn fleire sjansar til å få ei luke på to mål, men kvar gong slapp bortelaget med skrekken.

Stryn hadde også kampens siste angrep, men forsøket rann ut i sanden. Likevel eit sterkt poeng for Stryn, som med litt meir hell og dyktigheit kunne teke med seg begge poenga.

- Eg er stolt av det spelarane viste i denne kampen. Ingen hadde forventa dette, sa ein fornøgd strynetrenar, Igor Dokmanovic, etter kampen. Han ergra seg likevel ein smule over at laget hans ikkje var kalde nok i avslutningane, spesielt mot slutten.

Stryn beheld sjuandeplassen på tabellen etter uavgjortresultatet.