Norgescup skiskyting:

Gunn Kristi vann, Simon nummer fire

Til topps: Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg/Stryn vgs) gjekk heilt til topps på norgescupsprinten søndag.  Foto: Nordfjord Team

4. plass: Simon Hjelmeset Kirkeeide var veldig nær ein pallplassering søndag, med berre få sekund opp til andre- og tredjeplassen.  Foto: Nordfjord Team

New Articles

Skiskyttarane frå indre Nordfjord markerte seg også søndag med sterke prestasjonar.

Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg), som vart nummer to i går, slo knock out på konkurrentane i klasse K17 og gjekk heilt til topps på søndagens sprint i norgescupen i Østerdalen. Feilfri skyting og god fart i sporet sørga for at Hardbagg-ekspressen kunne stige heilt øvst på sigerspallen. I mål var Tvinnereim heile 1.03 føre nummer to, og ned til tredjeplassen var det 2.02.

- Eg følte meg bra i løypa og var heldig med skytinga. Kjekt når alt klaffar, seier ei strålande fornøgd Gunn Kristi til lokalavisa.

Ingrid Heggen (Stårheim/Stryn vgs) gjekk inn til ein flott niandeplass i same klasse. Oselie Henden (Eid/Stryn vgs) vart nummer 16.

Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Stryn vgs) slo til med ein fjerdeplass i M18-klassen. Etter åtte bom laurdag halverte Simon talet søndag. Som vanleg gjekk det unna i skisporet, og opp til pallplass var det berre seks små sekund.

Martin Aaland (Hardbagg/Stryn vgs) vart nummer 12 i klasse M18. Etter feilfri første skyting måtte Aaland tole fire bom på siste skyting. Sivert Raddum Skaug (Tretten/Stryn vgs) vart nummer 17, og Magnus Midthjell Gjørven (Markane/Stryn vgs) vart nummer 18. Midthjell Gjørven viste seg som ein solid skyttar på standplass og fekk berre eitt bomskot.

I klasse M17 vart Bendik Vereide (Stårheim/Stryn vgs) nummer 12, medan Oskar Guddal Breivik (Markane/Stryn vgs) kom på plassen bak.