Tarjei Bø til EM

EM: Tarjei Bø er teken ut til EM i Minsk.  Foto: Ragnar Singsaas

New Articles

Tarjei Bø er teken ut til EM i skiskyting som finn stad i Minsk i Kviterussland, 18.-24. februar. Det melder skiskyttarforbundet i ei pressemelding.

Håvard Gutubø Bogetveit, Førde IL, er også i EM-troppen.

Tarjei Bø står over verdscuprundane i Canada og USA denne og komande veke for å trene til VM i Östersund i mars. No blir det også EM-deltaking på Bø før verdsmeisterskapet.