Vogntog velta på Strynefjellet

Vogntoget låg velta godt utfor vegkanten på rv 15 Strynefjellsvegen.  Foto: Fjordingen-tipsar

New Articles

Eit norskregistrert vogntog med utanlandsk sjåfør køyrde av rv 15 aust for Grotli og velta over på sida fredag ettermiddag. Mannskap på staden opplyser til Fjordingen at sjåføren kom uskadd frå velten. Han skal ha fortald at han kom ut i brøytekanten. Deretter kom hjula utfor vegkanten slik at vogntoget køyrde utfor og velta.

Vogntoget var lasta med fisk, og ved 21-tida fredag kveld får Fjordingen opplyst at mannskap på staden framleis held på å berge lasta.