Willingen:

- Har aldri vore i så dårleg form

Motgangen held fram for Fannemel

I motgang Anders Fannemel  Foto: ARKIVFOTO: TADEUSZ MIECZYNSKI

New Articles

Japanaren Ryoyu Kobayashi vann foran tyske Markus Eisenbichler på 2.-plass og polske Piotr Zyla på 3.-plass under verdenscupen i tyske Willingen søndag. Beste norske vart Johann André Forfang med ein 9.-plass.

Det var knytta stor forventning til Anders Fannemel sin innsats i Willingen fordi den vil legge grunnlag for ein VM-plass i Seefeld komande veke.

Etter skuffande resultat laurdag, gjorde Fannemel eit relativt godt hopp på 130,5 meter, men det var diverre ikkje nok til å ta seg vidare til andre omgang.

Fannemel må ha tolt særs mykje motgang denne sesongen.

- Eg har aldri vore så dårleg form ein heil sesong før. Eg har jobba mykje med å finne ut av ting, men det har ikkje løsna, sa han til statskanalen.

Trenar Alexander Stöckl tek ut det norske VM-laget måndag