Gode forhold på Ullsheim

Ullsheim: Landslinjeelevane i skiskyting trenar under gode forhold på Ullsheim.   Foto: Thomas Thaule

New Articles

Landslinja i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule trenar under særs gode forhold på Ullsheim.

Fleire stader i fylket og elles på Vestlandet er det byrja å bli mangel på snø, men på Ullsheim er det framleis mykje snø sjølv om det også der har minka siste vekene.

- Kanskje dei beste forholda på heile Vestlandet, her har Arvid Hatledal og kompani gjort ein god jobb skryt lærar på landslinja, Sjur Ole Svarstad, når Fjordingen spør om korleis treningstilhøva for elevane er.