Thingnes Bø misser verdscuppoeng

Verdscupen: Trass i poengtrekk er Johannes Thingnes Bø suverent i tet i verdscupen samanlagt.  Foto: Ragnar Singsaas

New Articles

Johannes Thingnes Bø misser 43 verdscuppoeng og 70.000 kroner i premiepengar. Dette fordi han berre skaut fire av fem skot på siste ståande skyting i verdscuprennet i Soldier Hollow i USA nyleg. Stryningen gjekk dermed sisterunden med eitt skot i magasinet.

Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) skriv i ei pressemelding at dei og Thingnes Bø sjølv er einige i poengtrekket og tilbaketrekkinga av premiepengar.

– Denne saka er ferdig for meg. Eg kontakta sjølv juryen rett etter løpet og innrømma regelbrotet, og at det var min eigen feil. Eg vil få fram at eg ville ikkje fått nokon straff dersom eg ikkje hadde teke initiativ sjølv. Mitt ønskje er at IBU kan gjere alt dei kan for å forhindre liknande feil i framtida, seier Johannes Thingnes Bø i pressemeldinga.

Etter poengtrekket står Thingnes Bø no med 936 poeng i verdscupen samanlagt. Alexander Loginov på andreplass er 291 poeng bak.