Ingen framgang for Fannemel

Vil seg ikkje: Anders Fannemel må sjå renna i Holmenkollen frå tilskodarplass etter svak hopping i kvalifiseringa fredag.  Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

New Articles

Dessverre var det ingen nye takter over hopparen frå Hornindal då Raw Air vart drege i gang med kvalifisering i Holmenkollen fredag kveld. 111 meter førte Anders Fannemel inn på 34. plass då 43 hopparar hadde vore utfor. Han kom ikkje med blant dei 45 då alle hadde hoppa.

Fannemel har hatt ein tung sesong, og har med unntak av ein 7. plass for det meste hatt nok med å ta seg vidare til finaleomgangane i årets verdscup.

Fredagens resultat gjer at Fannemel ikkje får hoppe korkje lagkonkurransen laurdag eller i det individuelle rennet søndag, og må vente til ny mulegheit på Lillehammer måndag. Vi får håpe fjorårets tredjemann samanlagt i Hoppveka klarar å heve seg på "heimebana" Lysgårdsbakken.