Frivilligsentralen 20 år

Jubileum: Styret og tilsette ved Stryn Frivilligsentral var glade for at Henrik Syse takka ja til å halde tale på feiringa av 20 års-jubiléet.  Foto: Anne-Mari Aalberg

New Articles

Henrik Syse inspirerte, motiverte og sjarmerte då han heldt tale på jubileumsfeiringa for Stryn Frivilligsentral tysdag.

Han kom til Stryn for å feire frivillig arbeid og rosa frivilligsentralane som reiskap for å dyrke fredstanke og fredsarbeid.

– Dei har plass for skilnader og syner interesse for kvarandre, var noko av det Henrik Syse kunne binde til arbeidet som blir gjort av frivillige. Han gjentok også at håp og tru er viktige moment for at menneske skal ha det bra saman, og meinte at dette klarer frivilligsentralane å få fram.

Du kan lese meir om arrangementet i papiravisa.