VM i skiskyting:

Gull nummer tre til Thingnes Bø

Nytt gull: Johannes Thingnes Bø og Marte Olsbu Røiseland sikra Norge gullet i single mix-stafetten torsdag.  Foto: Ragnar Singsaas

New Articles

Johannes Thingnes Bø sikra seg sin tredje gullmedalje i VM i Östersund då han saman med Marte Olsbu Røiseland sikra Norge sigeren i single mix-stafetten torsdag.

Olsbu Røiseland veksla som nummer åtte etter hennar første etappe, 12,8 sekund bak Italia. Ho hadde då brukt to ekstraskot. Markane-ekspressen gjekk imidlertid inn avstanden på få  hundre meter, og på første liggande skaut han feilfritt.

På ståande skyting "krølla det seg" nok ein gong for Thingnes Bø, men han redda seg unna strafferunde etter å ha brukt tre ekstraskot.

Dermed var Norge plutseleg 20 sekund bak Ukraina som på det tidspunktet hadde teke over leiinga.

Olsbu Røiseland tok fram sitt ytterste og leverte ein glimrande etappe, og med berre eitt ekstraskot på dei to skytingane var Norge no i tet saman med Italia og Sverige.

Thingnes Bø kom først inn til liggande skyting, og feilfri skyting gjorde at Norge framleis var i tet. Då han så gjorde "reint bord" og skaut ein strålande ståande serie, samstundes som Italia og Sverige måtte ty til ekstraskot, var det klart at "Team OlsBø" kom til å vinne den populære stafetten.

- Ein fantastisk spennande stafett. Vi låg langt bak, men Marte redda oss inn att. Teamwork i verdsklasse, sa Thingnes Bø til NRK etter at sigeren var eit faktum.

Italia tok sølv, medan Sverige tok bronsen.